Mitt bidrag Nettstedet ditt er snart ulovlig handla i store trekk om Diskriminerings og tilgjengelegheitslovens §11, som tek føre seg plikt til universell utforming av IKT. Diverre er forskrifta fortsatt ikkje komen på offentleg høyring, og dermed er 1.jaunar 2012 ingen dato verdt å hugse i denne samanheng. Det ligg no an til at forskrifta blir vedteken 1.juli 2012, og med eitt års "innkøyringstid" kan tilsynet gje pålegg og sanksjonar frå 1.juli 2013. Desse fristane gjeld nye IKT-løysingar. Tidsfristen for eksisterande løysingar er fortsatt 2021.

Når det gjeld storleik på bøter sa Difi på eit seminar i vår at det generelt sett skal koste meir i tvangsmulkt over tid (til dømes dagbøter) enn å ignorere pålegg om retting.

Forskrifta er per dags dato ikkje tilgjengeleg, men Difi har ved fleire anledningar vist til WCAG 2.0 AA, og at dei vil bli svært sentrale dersom ein ønskjer ein lovleg web.

Meir informasjon om universell utforming

  • Tidsfristar for tilgjengelg web 
  • Oppdatert informasjon om forskriftsarbeidet
  • WCAG 2.0 på norsk
  • Ressursnettside