Tirsdag 15.januar 2013 var det høyringsmøte for forskrift om universell utforming av IKT (DTL §11).

Forskrifta kom ut på høyring 5.november 2012, og høyringsfristen er 5.februar 2013. Det var godt oppmøte på høyringa, og mange interesseorganisasjoner var representerte som Blindeforbundet, Dysleksiforbundet og Norges Døveforbund.

Høyringsmøte starta med informasjon om forskrifta og arbeidet som har våre gjort rundt den. Deretter var det klart for paneldebatt.

Paneldebatt Forskrift for universell utforming av IKT

Ekspertpanelet frå høyringa med Difi, LDO og FAD representert.

WCAG 2.0 AA

Som me har fått informasjon om før på nettsidene om Diskriminerings og tilgjengelegheitsloven §11 , er WCAG 2.0 AA foreslått som retningslinjer i forskrifta for nettsider, med nokre unntak på retta mot multimedia.

Det blei under høyringsmøte også gjort ein del presiseringar, til dømes opptrer plikta til oppgradering av universell utforming ( heretter kalla uu) i hovudsak ved bytte av IKT løysingar. Derfor også den relativt lange fristen fram til 1.1.2021 for å oppfylle forskrifta for eksisterande løysingar.

Etter planen vil forskrifta trå i kraft 1.juli 2013, men først eitt år etter at det føreligg standarder på området. Det vil seie at ein frå 1.1.2014 kan få bøter for nettløysingar som ikkje oppfyller forskrifta. Det er Difi som skal føre tilsyn med §11.

Forskrifta gjeld både offentlege og  private verksemder

Alle løysingar som er retta mot allmennheita må oppfylle krava. Det blei presisert at nettsider som blir drive av private verksemder også er retta mot allmenheita. Det blir også utdjupa at det er hovudløysinga som må oppfylle krava i forskrifta, det er altså viktig at det er hovuddøra som er universelt utforma, og ikkje bakdøra.

Kor vidt ei løysing er ein del av hovudløysinga blir definert som den kanalen ein kommuniserer til brukaren. Dersom til dømes ein kommune kommuniserer med sine innbyggere via nettsidene, blir dette hovudløysinga.

Unntak

Det finst nokre unntak, som dersom det å oppfylle krava i forskrifta vil medføre ei uforholdsmessig byrde for verksemda. Difi kan også innvilge dispensasjon frå plikta ved særlege grunner, som for små verksemde, ideelle organisasjoner, burettslag og så bortetter.

Ein kan fortsatt klage til ombodet om ei løysing er i strid med reglane i forhold til §9, men LDO kan ikkje overprøve vedtak fatta av andre forvaltningsmyndiheiter.

Til slutt er det viktig å presisere at det er den som tilbyr ei løysing til forbrukaren som er ansvarleg for at nettløysinga oppfyller forskrift om universell utforming av IKT.

Konsekvenser

Konsekvensane ved å ikkje oppfylle WCAG 2.0 AA er tvangsmulkt. Tanken bak bota er at det skal vera dyrare å betale bota enn å fikse opp i feil som går på bekostning av universell utforming

Kvar startar me?

Det viktigaste er nok å få forankra dette i verksemda. Universell utforming er ikkje noko ein kan putte på ei nettside i det ein er i ferd med å bli lansert, eller som ein del av ein iterasjon i eit prosjekt. Universell utforming må bli ein del av prosjektet frå starten av, og det er derfor viktig med forankring i leiinga, men også alle som jobber med eit webprosjekt. 

Deretter må ein få ei forståing av kva universell utforming er, samt lese seg opp på WCAG 2.0, eller finne gode leverandører som kan hjelpe. WCAG 2.0 er diverre ikkje lektyre som er lett fordøyeleg. WCAG består av 61 retningslinjer, og ikkje alle er like lette å omfavne. 

Meir informasjon om universell utforming

  • Tidsfristar universell utforming av IKT
  • Oppdatert informasjon om forskriftsarbeidet
  • WCAG 2.0 på norsk
  • Ressursnettside

Andre uu-innlegg