I Epinova har me utvikla separate retningslinjer for backend og frontend, som saman dannar grunnlaget for eit omfattende system for kvalitetssikring, eller QA (Quality Assurance). 

Det er viktig at alle har eigarskap til retningslinjene, og å forhindre at det blir subjektive retningslinjer. Det kan vera mange måtar å definere kvalitet på, og det er derfor viktig at det er ein konsensus rundt retningslinjene. Derfor har alle frontendere i Epinova vore med på å lage retningslinjene.

Ingen mystikk

Retningslinjene skal ikkje vere mystiske, men noko alle kjenner til, og som ligg i bakhovudet medan ein jobber på eit prosjekt. Nokre av retningslinjene våre er henta frå W3C sine standarder, medan andre er laga av oss basert på erfaring, utdanning, kompetanse og sunn fornuft.

Me har hatt god erfaring med at alle frontend-utviklarane utfører QA, og ein utfører aldri QA på sin eigen kode. Me ser ei enorm læring av å vurdere andre sin kode.

Vurdering av eksterne prosjekt

I tillegg til å gjera QA av vår eigen kode, brukar me retningslinjene når me tek over prosjekt. Retningslinjene hjelp oss å bli kjent med andres kode på ein systematisk måte, og gjer det enklare å estimere vidare arbeide.

QA-system

For å gjera kvalitetssikringa av prosjekta så effektiv som mogeleg har me laga eit omfattende og eigenutvikla web-basert system for QA.

Hvert punkt i retningslinjene kan bli godkjente, underkjente, ikkje relevante (N/A) eller få spørsmålsteikn. Sistnemnte blir brukt dersom det er usikkerheit kring godkjenning av retningslinja.

QA retningslinjer for frontend i Epinova

Nokre av retningslinjene kan sjekkes med automatiserte verktøy laga av Epinova, medan andre retningslinjer testes ved bruk av gratisverktøy på web.

Nokre retningslinjer må sjekkes manuelt, som :focus-stil, kontraster og liknande.

Gjennomgang med utvikler

Når QA er gjennomført samles involverte i prosjektet for gjennomgang. Eventuelle feil og uavklarte ting blir gjennomgått, og deretter blir resultatet publisert, frå terningkast 1-6, der 6 er beste mogeleg resultat.

Epinova sine QA-retningslinjer for frontend-kvalitet

Retningslinjene for frontend består av fem kategoriar fordelt på 33 retningslinjer. Retningslinjene blir oppdaterte omlag 2 gonger i året for å få med nye standarder og normer, og evt fjerne retningslinjer som ikkje lenger er relevante.

Prosjekt

Kodekvalitet

Universell utforming / brukskvalitet

Semantikk

Redaktørvennlighet

Nyttige verktøy for å teste kvalitet

Oppsummering

Eit system for kvalitetssikring hjelp oss å kontrollere at både det tekniske og brukskvaliteten blir teken vare på. 

Likevel handlar kvalitet i web-prosjekt om meir enn berre retningslinjer. For å lage verkeleg gode nettsider med høg kvalitet treng ein forankring i leiinga, flinke medarbeidere og kultur for kvalitet. Å lage eit sett med retningslinjer kan gjera det lettare å sikre kvalitet, men kvalitet kjem av kulturbygging og medarbeidere med yrkesstoltheit, som ser på håndverk som det viktigaste verkemiddelet.

Andre uu-innlegg