• Publisert
  • 4 min

Kva koster universelt utforma nettsider?

Dei siste dagane har universell utforming fått mykje omtale i ulike medier, og det er jo supert! Diverre har det blitt skrive ein del ting som rett og slett ikkje stemmer.

Aftenposten publiserte laurdag 05.04.2014 artikkelen ”Tvinger alle nettsider til å skaffe seg nye nettsider”, ein artikkel som svartmåler og som mangler ein del fakta og nødvendig informasjon.

Artikkelen set søkjelys på Diskriminerings og tilgjengelegheitslovens §11 som trådte i kraft 1. juli 2013, med effekt frå 1. juli 2014. Denne forskrifta seier at eigere av nettsider kan få tvangsmulkt dersom nettsidene ikkje oppfyller eit sett med krav.

Feil i Aftenposten sin artikkel

I Aftenposten står det at ”Fra 1. juli 2014 må alle som driver en norsk nettside følge nye krav til universell utforming. Nettbutikker, aviser, borettslag, korps og bloggere – ingen slipper unna.” Dette stemmer ikkje, det finst enkelte unntak – blant anna borettslag og private sosiale medier:

”Løysingar som ikkje blir omfatta av forskrifta, er sosiale medium som bloggar brukt i privat samanheng. Også løysingar som er tilpassa eller tilrettelagt for enkeltpersonar er heller ikkje omfatta.” (http://uu.difi.no/nyheter/2014/04/pressemelding-nye-krav-til-alle-verksemder-om-universell-utforming)

Vidare står det i artikkelen  at ”Alt fra landets største banker til den minste idrettsklubb må i løpet av få år skaffe seg nye, dyrere webløsninger. Lar man være, kan man straffes.” Eksisterande løysingar må oppfylle forskrifta innan 2021, det er 7 år til. 7 år er etter mi meining god nok tid, spesielt med tanke på at dei fleste nettsider si levetid er langt kortare enn dette. Ved kjøp/oppgradering av nettsider vil det då vera naturleg å ta med universell utforming.

Og slik kunne eg ha fortsatt, teke den eine utsegna etter den andre og motargumentert, men kva godt gjer det? Eg vil heller snakke om kvalitet, pris og kompetanse.

Pris og kompetanse

Det som ser ut til å vera den største snarvegen gjort i artikkelen, er utsegn om pris.

Det viktigaste å tenkje på når ein lager nettsider som skal halde kvalitet, er at dette er noko som må skje undervegs. Det hjelp ikkje å legge på kvalitet når nettsida er ferdig, det vil ofte ta lang tid og kan medføre store endringer.

Universell utforming handler om kvalitet; å lage nettsider som er brukarvennlege for alle. Det set krav til kode, utforming og innhald. Dersom ein veit korleis dette skal gjerast når ein starter opp eit webprosjekt, er det mykje rimelegare enn å gjera endringar i ettertid. Dersom ein ikkje veit kva som skal til for å lage gode nettsider, ja då koster eit webprosjekt fort 30-50% meir, som uttalt i Aftenposten. Derfor set dette tema krav til kompetanse. Dersom dette er eit nytt fagfelt for deg, må du lese deg opp på retningslinjer, teknikker og webutvikling. Ja, du må ta samme grep som om ein skulle lære seg kva som helst fagfelt. Ein god plass å starte er Difi sin ressursnettstad: uu.difi.no.

Men lat oss sjå på eit konkret døme.

Eit prisdøme

Forskrifta set blant anna krav til kontrast. Dersom den som designer ei nettside har kunnskap om kva god kontrast er, kan ein undervegs i designprosessen sjekke om kontrast mellom tekst og bakgrunnsfarge er god nok. Det finst mange gratisverktøy for å sjekke dette: http://www.paciellogroup.com/resources/contrastAnalyser.

Dersom det blir teke ein avsjekk på dette undervegs i prosessen, vil det ikkje ta noko særleg ekstra tid. Og etter kvart lærer ein seg å sjå kva som kan ha dårleg og kva som kan ha god kontrast utan å teste. Blant anna kan raud og grønn tekstfarge på kvit bakgrunn vera litt vanskeleg å få god nok kontrast på.

Dersom ein ikkje kjenner til denne retningslinja, og blir først gjort merksam på dette etter at designet er ferdig, og kanskje til og med godkjent av kunden, ja då kan det fort gå med ein del timer på å rette opp i dette. For endres èin farge, kan det medføre at resten av designet kjem i ubalanse - og pluseleg sit ein og endrer på alle fargane. Dette kan igjen gjera at uttrykket til nettsida blei noko anna enn kunden forventa, og i verste fall må ein starte på nytt.

Kontrast er kanskje den klaraste og enklaste retningslinja å oppfylle, men likevel er dårleg kontrast  den vanlegaste designfeilen eg ser.  

Kompetanse

Så, om ein skal setja opp eit reknestykke på kva dette vil koste så må ein ta med ein del fleire faktorar. X-faktoren i reknestykket er kompetansen til leverandøren, til kjøper av nettstaden og til innhaldsprodusentane. For har dei involverte rett kompetanse på universell utforming i prosjektet, treng det altås ikkje koste ekstra å oppfylle forskrifta.

Det heile kokar derfor ned til kompetanse. Sit du med feil kompetanse i ditt prosjekt, så kan manglande kompetanse fort bli kostnadsdrivande. Diverre ser ein samme utfordringane i dag som for 10 år sidan - eg diskuterer fortsatt kontrast, akkurat som eg gjorde i 2003.

Bagatellisering

Ein skal altså heller ikkje bagatellisere universell utforming. I dei tilfella eg har fått i oppdrag å fikse eksisterande nettsider til å bli universelt utforma, har dette teke ein del tid, med mykje endring av både kode, innhald og design. Dette er også noko Difi veit, og derfor er fristen for eksisterande løysingar satt til 2021, slik at ein slepp å fikse opp i eksisterande løysingar, men heller tek med uu frå starten av ved neste redesign.

Eg har jobba med universell utforming av nettsider sidan 2003, og har blant anna skrive masteroppgåve med Frank Fardal, seksjonsleiar i Difi, om korleis ein kan lage nettsider universelt utforma. Retningslinjene som er tekne inn i forskrifta er nesten dei samme i 2003 som no.

I 2013 var eg med å laga uu.difi.no, men har også jobba med www.spk.no og www.etikkom.no som begge har vunne Tilgjengelegheitsprisen Difi deler ut. 

Andre relevante innlegg