Bakgrunn

Epinova lanserte ny hjemmeside på EPiServer CMS6 23. mars 2010. 50 dager før lanseringen startet vi med daglige blogg innlegg om hvordan vi gjennomførte prosjektet:

  • markedsstrategi for internett, brukskvalitet og innhold for web
  • hjemmesiden i forhold til andre kommunikasjonskanaler og sosiale medier
  • teknisk implementering i publiseringsløsningen EPiServer

 

Trinn 48: Sjekke mot retningslinjene for Kvalitet på nett (Difi)

Å lage nettsider som er universelt utforma er ein kontinuerleg prosess. Det må vera fokus på området av alle involverte, i alle fasar i webprosjektet. Det er ikkje tilstrekkeleg at kun utviklar eller kun innhaldsprodusent prioriterer å lage ein nettstad som er universelt utforma. Det er viktig at alle som utviklar, vedlikeheld og skriv innhald på nettstaden hugsar på det.  

For å sikre at nettstaden er så universelt utforma som mogeleg finst det retningslinjer og krav ein kan etterstrebe. I Noreg har me Kvalitet på nett, som er eit sett med retningslinjer utarbeida av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) som er delt inn i tre hovudtema:

  1. Tilgjengelegheit
  2. Brukartilpassing
  3. Nyttig innhald

Kvart år blir alle offentlege nettstader evaluert, og basert på kvaliteten på nettstaden får ein alt frå 1 til 6 stjerner. Difi gjennomfører si kvalitetsvurdering frå september til slutten av november kvart år. Resultata blir offentleggjort i starten av desember kvart år, i forbindelse med ein konferanse som Difi også held.

Difi pleier å revidere retningslinjene kvart år, men revisjon for 2010 er endå ikkje lansert. Ofte er det ikkje store endringar som blir gjort, men kun presiseringar og kanskje endring av poengdeling.

Desse retningslinjene har også våre sentrale i arbeidet med nye Epinova.no, og under blir arbeidet med nokre av retningslinjene omtalt i ulike fasar.

Men først litt om kvifor det er viktig å lage nettsider som er universelt utforma.

Kvifor lage nettsider som er universelt utforma?

Det finst i hovudsak tre viktige faktorar for å lage universelt utforma nettsider.

Etikk

Det er etisk korrekt å lage ein nettstad som alle kan bruke, og som ikkje ekskluderar nokon.

Økonomi

Det kan løne seg å lage nettsider som er universelt utforma sidan fleire kan bruke nettstaden.

Ofte har ein også opplevd at nettstader som har fokus på universell utforming er meir brukarvenlege og lette å finne fram på. Dette kan igjen gjera at besøkande fullfører sin intensjon på nettstaden. Brukaren kjem til og med tilbake!

Eit anna aspekt er at mange søkjemotorar navigerer som ein blind brukar navigerar. Søkemotorar og ein person med tillegssutstyr set pris på 

  • semantisk og korrekt HTML
  • godt innhald
  • konsistent og strukturert navigasjon

Lovverk

I fleire land har ein lovverk som skal sikre at nettstader er universelt utforma . I USA og England har ein antidiskrimineringslover, og i Noreg har me sidan 1. januar 2009 ei diskriminerings- og tilgjengelighetslov.

Diskriminerings og tilgjengelegheitsloven skal gje betre rettsvern mot diskriminering. Det var planlagt at loven for IKT skulle trå i kraft sommaren 2010 (med eitt års innkøyringsperiode). Dette arbeidet har teke lenger tid enn planlagt. Difi har informert at arbeidet med lova er omlag eit halvt år forsinka. Loven omfattar både private og offentlege verksemder. 1 år etter at lova trer i kraft må alle nye nettstader oppfylle krava. Eksisterande nettstader må oppfylle lova innan 2021.

Difi har lagt ut eit forslag til forskrift, og dette forslaget seier at ein må oppfylle WCAG AA. Difi sine retningslinjer baserer seg på WCAG, men har også valt å ikkje bruke alle samt å legge til eigne retningslinjer.

Det finst altså mange grunnar for å lage universelt utforma nettsider, så det skulle derfor ikkje vera noko grunn til å velje å ekskludere grupper i samfunnet. Men som nemnt tidlegare er det ofte ikkje berre ein person som åleine er ansvarleg for at ein nettstad er og forblir universelt utforma. Det involverar alle som jobbar med nettstaden i ulike former.

Fasar i prosjektet Epinova.no for å oppfylle Kvalitet på nett

Wireframe og interaksjonsdesign

Allerede frå dag 1 var fokus på universell utforming høgt framme. Det var viktig at ein ikkje laga wireframes som gjekk på bekostning av retningslinjene til Difi. Element me spesielt var merksame på var konsistent globalmeny og logisk plassering av elementer.

Design

Etter at wireframe er laga og ein har bestemt struktur og plassering av element går prosjektet over i ein designfase. Her er det viktig å passe på at designet har tilstrekkelege kontrastar mellom tekst og bakgrunn, og at element blir plassert på ein logisk måte, som til dømes å ha konsistent globalmeny på nettstaden, retningslinje 2.6.  

Designer må også passe på at element som kan vera viktig for tilgjengelegheit, som å plassere AAA og høgkontrast (oppfylle DIFI kriterium nr. 1.7, som tilsvarer WCAG AA på kontrast)

Ei anna retningslinje krev at meny eller sti heile tiden skal gjera den besøkande merksam på kvar ein står i strukturen og det er viktig at designer lagar eit design som ivaretek retningslinja.

Frontend

Frontendutviklar må passe på å kode semantisk HTML. Dette er viktig for søkjemotoroptimalisering (SEO) men også for personar med tillegsutstyr, som ein skjermlesar. Vidare må ein lage alternative løysingar dersom ein brukar javascript (fallbackløysing), og følgje HTML-standarden. Alle desse tinga er viktig for SEO, men det er også spesielt viktig for personar som brukar tilleggsutstyr. Tilleggsutstyr kan kanskje ikkje kommunisere optimalt om ein ikkje føl standard HTML, i tillegg til at dei kan ha problem med å tolke javascript.

Kvalitet på nett ønskjer også at ein brukar skal kunne stille skriftstorleik sjølv, og på øvste nivå må brødtekst bli minimum 20px. 

Å plassere element logisk i HTML, til dømes å legge hovudmenyen før høgremenyen, altså gjera nettstaden lesbar utan CSS er også viktig. Kvalitet på nett ønskjer også at det skal vera lett å printe ut informasjon på ein nettstad og ein må derfor legge til rette for utskrift med printstilark.

Backend 

Utviklar er også eit viktig ledd i prossen for å oppfylle kvalitetkriteria til Difi, og blant anna å halde filstorleik nede ved til døms å legge ut javascript i eigne filer, gjera viewstate så liten som mogeleg gjer at nettstaden bli lettare å lanse. Utviklar må også påsjå at HTML fortsatt validerer dersom vedkommande gjer endringar i HTML.

I tillegg kan utviklar gjera tilpassingar i EPiServer for at publiseringsverktøyet skal bli endå betre. I dette prosjektet har me lagt til LIX beregning i editoren, der innhaldsprodusenten fortløpande får indikasjon om teksten som blir skrive er lettlest eller tung å lese, som blir diskutert i retningslinje 2.12.

Redaktør

Når løysinga er ferdig og ein skal byrje å legge innhald ut på nettstaden er hovudansvaret for at nettstaden forblir universelt utforma lagt over på innhaldsprodusent. Nokre ting som er viktig å hugse på er

  • alternativ tekst på bilete
  • skrive enkelt og forståeleg
  • lage skildrande titlar og adresser
  • at HTML validerer

Les mer om