• Publisert
  • 1 min

Er du universelt utforma?

Forskrifta er her, og du lurer nok på om din nettstad er universelt utforma. Her med nokre tips til korleis du kan teste din nettstad

Det finst mange retningslinjer, normer, anbefalinger og meininger om korleis ein kan lage ein nettstad som er universelt utforma. Forskrifta for universell utforming av IKT skal hjelpe alle offentlege og private verksemder med å lage nettsider som er universelt utforma. Forskrifta er veldig konkret, ho seier at WCAG 2.0 AA er retningslinjene du må bruke.

Sjølv om ein oppfyller WCAG 2.0 AA betyr det ikkje at din nettstad kan brukast av alle til ein kvar tid. Det kan også vera veldig krevande å lage nettsider som sikrer alle lik bruk, men ved å følgje retningslinjene til W3C er ein godt på veg.

Dei enklaste retningslinjene å teste handlar om kontrast, tabulatorrekkjefølge. Men korleis testar eg dette?

Tabulator

"Guideline 2.1: Make all functionality available from a keyboard."

Denne retningslinja skal sikre at dei som ikkje kan eller ønskjer bruke mus til navigering skal kunne bruke tastatur til å komme seg rundt på ein nettstad. Det kan vera at brukaren har problem med å bruke mus eller at vedkommande navigerer kjappare med tastatur enn ved bruk av mus.

Denne retningslinja kan ein lett teste ved å klikke på tabulatortasten på tastaturet. Dersom du ikkje ser kvar tabulatoren er på nettsida, eller den blir borte undervegs, kan det vera at nettsida har ei såkalla tabulatorfelle. 

Du ønskjer til dømes å klikke på ei lenkje som ligg nederst på sida. Du starter med å navigere gjennom menyen med bruk av tabulatoren. På eit tidspunkt forsvinn tabulatormerkinga, du veit ikkje kvar fokus er, og du kjem aldri ned til lenkja i botn av sida.