• Publisert
  • 5 min

Tilbakeblikk på Tilgjengelighetsdagen

Fekk du ikkje med deg Tilgjengelighetsdagen? Her kan du lese høgdepunkta og laste ned presentasjoner og alt no gjera deg klar til Tilgjengelighetsdagen 2014.

Tilgjengelighetsdagen 2013

24.oktober gjekk Tilgjengelighetsdagen av stabelen. Me var nøgde med eit tilskodartal i salen på over 150 personer, i tillegg til at omlag 200 såg på konferansen via streaming.

Frode Eika Sandnes, som har skrive ei rekke publikasjoner og ei bok om universell utforming, gjorde ein fantastisk jobb som konferansier.

Her kjem ein kort oppsummering av dei ulike foredraga:

 

Andrew Clarke: Designing an atmosphere for accessibility

Andrew Clarke på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Andrew er designer, forfatter og foredragsholder, og det var tidleg i foredraget tydeleg at han hadde god erfaring med alle tre deler. Dei viktigaste tinga Andrew snakka om var:

  • Ikkje design til spesielle skjermstorleiker. Det finst veldig mange ulike skjermstorleiker, oppløysingar og "dingsar", og det er derfor alt for krevande å tilpasse seg alle desse. 
  • Design etter innhaldet, og legg inn breakpoints etter kva som passer innhaldet, i stadenfor den "dingsen" brukaren måtte ha.
  • Bruk meir tid på å jobbe med typografi, kontraster og tekst, det er med på å gjera nettsider meir brukarvenlege for alle.  
  • Designere må ha kunnskap om HTML og CSS for å kunne lage gode og brukarvenlege løysingar.

Les Andrew Clarke sitt foredrag.

 

Jonathan Hassel: How can websites comply with legislation - and win more users?

Jonathan Hassel på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Jonathan har tidlegare jobba i BBC, og driv no sitt eige konsulentfirma, HasselInclusion, som rådgjev kunder om korleis ein kan bruke universell utforming som eit strategisk fortrinn. I foredraget snakka han om:

  • Korleis få leiinga til å sjå den økonomiske fordelen av universelt utforma nettsider
  • Korleis ein kan få heile organisasjonen til å sjå fordelen med universell utforming.
  • Ein får ikkje universelt utforma nettsider ved å oppfylle WCAG 2.0 AA åleine. Retningslinjene er ein fin plass å starte, men dialog med sluttbrukere er essensielt for å få gode brukaropplevingar for alle. 

Last ned foredraget til Jonathan.

 

Agnete Tøien Pedersen: SEO og UU – som hånd i hanske

Agnete Tøien Pedersen på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Agnete frå iProspect snakka om kor vidt søkemotoroptimalisering og universell utforming heng saman. Anbefalinga frå Agnete var følgjande:

  • Ei nettside som er godt utforma og lesbar for ein blind bruker, har også god lesbarheit for Google
  • Google indekserer lenkjer og tekst
  • Ein får ikkje lenger ekstra poeng for <heading>, dette på grunn av at denne funksjonen har blitt misbrukt.

Agnete oppsummerer samanhengen mellom Google og universell utforming med eit sitat frå Morten Tollefsen:

“Teksterbraforhørselshemmede.Itilleggerdetsupertforverdensrikestedøvblindenettbruker:Google.Tekstersøkbar,ogformangeernettoppsøkdenviktigstemåtenåfinnewebinnholdpå.”

Agnete sitt foredrag kan du laste ned her.

 

Aud Marie Hauge: Dette må du kunne – og litt til

Aud Marie Hauge på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Sjølv fokuserte eg på at alle involverte i eit webprosjekt må ha kompetanse om universell utforming dersom ein skal lukkast med å oppfylle forskrift for universell utforming av IKT i eit webprosjekt. Eg tok utgangspunkt i WCAG 2.0 AA, som ligg til grunn for forskrifta, og snakka litt om kva retningslinje kvar disiplin har ansvar for:

  • Sal må selgja inn universell utforming i prosjekt slik at fokus, ressurser og timar er ivaretatt
  • Prosjekteigar må sjå viktigheita av UU, spesielt med tanke på at eigar av nettstaden er ansvarleg for at universell utforming blir ivaretatt
  • Prosjektleiar må passe på at fokus, timar og ressurser er på plass, spesielt om dette ikkje blei ivaretatt i innsalsrunden
  • Interaksjonsdesigner må passe på at interaksjonen ivaretek WCAG 2.0 AA, her kan nemnast skjema, feilmeldingar, struktur og navigasjon
  • Designer må designe med god kontrast, lenkjestil, intuitiv design på skjema og feilmeldinger
  • Frontender må ivareta god semantikk slik at tilgang til all informasjon blir ivaretatt på ein god semantisk måte
  • Innhaldsprodusent må skrive innhald for brukaren, ha gode overskrift- og lenkjenamn, samt gode ledetekstar på skjema

Det er altså viktig å merke seg at ein allerede i innsal må ein få inn fokus på universell utforming, slik at dei rette ressursane blir booka inn og nok tid blir satt av på prosjektet.

Last ned Aud Marie sin presentasjon.

 

Anita Fjeldås og Cecilie Tveter: Brukertest: Slik opplever en blind nettsiden din

Cecilie Tveter og Anita Fjeldås på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Anita er blind, men navigerar på nettet både på mobil og datamaskin. Ho og Cecilie viste ei video av korleis det er for ein blind bruker å navigere på ulike nettstader:

  • www.norwegian.no - OK å navigere seg rundt, men sida har ein del bileter som er lenkjer som manglar alternativ tekst
  • www.vg.no - verst av desse tre å bruke
  • www.yr.no - beste nettside av desse tre å bruke

Det viste seg altså at den nettsida som var lettast å bruke var www.yr.no, noko som kan skuldast at det er lite og godt prioritert innhald på nettsida. 

Anita viste også korleis ho bruker iPhone, ein telefon ho er veldig fornøgd med. Ho bruker den innebygde funksjonen VoiceOver til å navigere.

Sjå Anita og Cecilie sin video

 

Frank Fardal, Myter og sannheter – dette må du forholde deg til

Frank Fardal på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Frank frå Difi har jobba med utforming av forskrift for universell utforming av IKT. Hovudpunkta frå foredraget hans var:

  • Forskrifta trådte i kraft 1.juli 2013, men vil først håndhevast frå 1.juli 2014
  • WCAG 2.0 AA er retningslinjene som ligg til grunn, med nokre unntak på multimedia.
  • Målet med forskrifta er å hjelpe med å få meir universelt utforma nettsider i Noreg
  • Eigar av nettstaden er ansvarleg for at forskrift er oppfylt

Les meir om Frank sitt foredrag

 

Gareth William Ford: "Equivalence" - A Public Service Broadcaster’s Core Accessibility Principle

Gareth William Ford på Tilgjengelighetsdagen 2013. Foto: Kristian Harding Hansen

Gareth var siste mann ut på Tilgjengelighetsdagen. Han er Head of Accessibility i BBC, og snakka ein del om korleis dei har jobba med universell utforming der.

Dei viktigaste bodskapa til Gareth:

  • BBC har sendt alle utviklarar på kurs for å lære om universell utforming
  • Retningslinjene som finst per i dag ikkje er nok til å få gode brukaropplevingar på nett
  • Det er vanskeleg å etterprøve om ein virkeleg har oppfylt krava i WCAG 2.0
  • BBC har laga sine eigne prosesser og retningslinjer som skal gjera nettløysingane betre for all, og har blant anna laga retningslinjer for mobil som snart kjem i versjon nummer 2.

 

Alle bileta frå Tilgjengelighetsdagen er tekne av Kristian Harding Hansen frå Northern Beat.

 

 

Andre uu-innlegg